Kvar henta Nordahl Grieg krafta frå?

Postet i norsk 18. desember 2012 av Gudmund Skjeldal
Foto: NTB Scanpix

«Diktaren Nordahl Grieg. Fødd i Bergen i 1902. Gift i London i 1940, med Gerd Egede-Nissen, kjend norsk skodespelar. Ingen eigne born. Forfattar, reportar, sjølv redaktør ei tid. Flittig brevskrivar heile sitt liv. Nordahl Grieg gjorde seg kjend i den vide verda.  Han ville endra Europa, med kunstverka han laga. Han tok på seg store oppgåver. Han gjorde store feil. Eller fekk han rett til slutt?

Grieg er opphavsmann til nokre av dei viktigaste dikta i nyare norsk historie. Eitt lese på radioen den 17. mai 1940, då Norge var kutta i to. Andre sloppe som flygeblad, for å kamuflera våpenslepp. Samlingar pakka som jolegåver, løynd i botnen av eplekasser. Utvalde vers som nordmenn sette om til tysk, og blei dømde til døden for.

Dikt lesne for norske soldatar i Afghanistan, den 17. mai 2010.

Dikt ungdommar song som oppmuntring for seg sjølve, då dei symde frå Utøya den 22. juli 2011.

Kvar hentar desse dikta krafta frå?

Kvar henta Nordahl Grieg krafta frå?»

 

Nordahl Grieg Diktaren i bombeflyetSlik spør eg i ein fersk biografi – Diktaren i bombeflyet (2012). Den purunge Nordahl Grieg, som debuterte som lyrikar før han var 20, henta mykje kraft frå reisene sine. Han drog til sjøs ei tid, han gjekk til Roma frå Hamburg. Han var i Paris, han var i Hellas. Han vandra i Finnmark, og han tok toget over heile det sovjetrussiske imperiet til Kina.

Den eldre Grieg henta krafta til nye diktverk frå eit opphald i Moskva (1933–34). Grieg blei glødande sovjetkommunist. Berre Sovjet kunne redda Europa frå Hitlers veksande makt, meinte han. Skodespela hans i åra 1935–36 handla djupast sett om dette. På ein måte fekk han rett. Det var i Sovjetunionen Hitlers armear sette seg fast. Ved Stalingrad snudde krigen seg, i favør av dei allierte. Sovjet var med å redda oss, ville Nordahl Grieg ha sagt. Han fekk ikkje oppleva sjølve fredsslutninga. Han døydde på eit bombetokt over Berlin seint i 1943.

Nordahl Grieg fekk heller ikkje oppleva – eller slapp å få i andletet – alt det som har kome fram om redslene i Sovjetsamfunnet. Om alle som hamna i fangeleirar. Om statsterroren i Stalins tid. Om krigen mot Finland. Samstundes syner boka mi at Grieg visste meir enn nok om brutaliteten i Sovjetunionen som det var. Han forsvarte sovjetkommunismen to the bitter end.

Spelar det noko rolle for vår forståing av dikta hans i dag? Dikt tilhøyrer den som treng dei, ikkje den som laga dei, heiter det i ein film (Il Postino). Ungdommane som sumde frå Utøya hadde bruk for ein song som kunne overdøyva skotsalvene: ”Stilt går granatenes glidende bånd. Stans deres drift mot død, stans dem med ånd!” Då er det mindre viktig om Grieg meinte den ånd som kunne stagga granatane – trua på Det Nye Mennesket – berre fanst i Sovjetunionen. Nordahl Grieg var aldri pasifist.

Meir problematisk er bruken av dikta hans i Afghanistan. Når Jens Stoltenberg las diktet «17. mai 1940» for norske soldatar i Meymaneh den 17. mai 2010, var det Nordahl Griegs rettmessig kamp mot ei okkupasjonsmakt han drog vekslar på. Så enkel er ikkje krigen NATO er involvert i – i vår tid.

Men heller ikkje andre verdskrig er fullkomment problemfri for våre allierte. Krig bør minnast mest som eit ope sår. Det er difor denne biografien byrjar og sluttar i bombeflyet – mot storbyen og dei sivile i Berlin.

 

 

Om forfatteren

Gudmund Skjeldal er idéhistorikar, lektor og forfattar av fleire kritikarroste bøker; Feber (2009), Fallande snø (2008), Den siste langrennaren (2005) og På villspor (1995). Han var leiar for klimakampanjen Hvit vinter i 2007–2008, og landslagsløpar i langrenn på 1990-talet.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.