Val i Merkel-landet

Postet i samfunnsfag 17. august 2017 av Astrid Sverresdotter Dypvik
Merkel-landet: Angela Merkel ligg an til å vinne sitt fjerde val (commons.wikimedia.org/FNDE)

Etter tolv år ved makta verkar ikkje Angela Merkel nemneverdig plaga av regjeringsslitasje. Her er tre grunnar til at ho har lukkast, og ein grunn til at ho ikkje kan slappe av.

19. mars i år skjedde det noko som fekk alle dei mest brennande politiske hjarta i Tyskland til å banke litt ekstra fort. Det var ikkje alle som var så glade for det som skjedde, men alle forstod at det var noko som kunne få store følgjer. På denne dagen valde det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD, sin kanslarkandidat for haustens forbundsdagsval. Denne gongen hadde partiet klart å hoste opp ein kandidat mange trudde ville ha ein reell sjanse til å utfordre Angela Merkel og kristendemokratane CDU i kampen om kanslarembetet. Martin Schulz var ei politisk stjerne. Han hadde rett nok ikkje anna erfaring som folkevald i Tyskland enn ei tid som borgarmeister i småbyen Würselen like ved grensa mot Nederland, men han hadde internasjonal erfaring. Han hadde vore president i Europaparlamentet.

Schulz-effekten

Sosialdemokratane gjorde eit kraftig byks på meiningsmålingane straks det vart kjent at det var Schulz som var kandidaten. Partiet melde dei fekk 10 000 innmeldingar i løpet av få dagar. I nokre hektiske vårmånader pusta Schulz og sosialdemokratane Merkel og hennar parti CDU i ryggen. Partia var jamstore på meiningsmålingar. Folk snakka om byrjinga på slutten for Merkel-æraen i tysk politikk.

No,  ein dryg månad før valet, ligg Merkel an til å vinne sitt fjerde val. Merkels parti er det suverent største. På dei siste målingane har CDU rundt 38 prosent av veljarane i ryggen. Sosialdemokratane vakar like under 25 prosent. Alle andre parti er under 10 prosent. Så kva er det Merkel har fått til, og kvar er det Schulz og sosialdemokratane har snubla?

Pengane og atomkrafta

Økonomi er ein viktig grunn til at Merkel er så populær. Det går godt i Tyskland, og det har det gjort i snart ti år. Medan andre europeiske land har diskutert krisepakkar og innsparingar sidan finanskrisa i 2007, har Tyskland hatt eksportoverskot. No om dagen opplever landet også ei historisk låg arbeidsløyse.

Dei siste to åra har det vore mange som har varsla om at Merkel-æraen snart vil få ein ende. Ho har opplevd nærast mytteristemning i eige parti på grunn av handteringa av flyktningkrisa på seinsommaren 2015. Også Energiewende, den storstilte omlegginga av energipolitikken, har møtt heftig kritikk.

Merkel presenterte den tyske Energiewende like etter katastrofen ved det japanske atomkraftverket Fukushima våren 2011. Politikken går ut på at Tyskland skulle stenge atomkraftverk innan 2022 og samstundes gå over til rein, fornybar energi. Måla i Energiewende har sidan blitt oppdatert for at Tyskland også skal kunne oppfylle Paris-avtalen om klimapolitikk.

Merkels merkesaker

”Wir schaffen das” (vi klarar det), var Merkels ord då ho skulle forklare det tyske pressekorpset at Tyskland kunne gi opphald til flyktningar under flyktningkrisa på seinsommaren 2015. Merkels resonnement gjekk ut på at Tyskland har ein sterk økonomi, og ei moralsk plikt til å hjelp menneske i naud.

Desse sakene har fleire felles trekk. Begge er svar på brennande viktige spørsmål i vår tid. Og det er saker det ikkje er lett å vinne val med. Men no før valet i 2017 må ein seie at Merkel har klart det. Ho har iallfall klart å handtere desse kontroversielle og vanskelege spørsmåla på ein slik måte at partiet hennar er landets største, med god margin.

Tidleg i sin politiske karriere var ho kjent som ein nesten grenselaus pragmatikar, ein som var utan noko brennande politisk hjarte. Akkurat det er det ingen som seier lenger.

Tysk val: Det går godt i Tyskland, med eksportoverskot og ei historisk låg arbeidsløyse. (Istock.photo.com/bluejayphoto)

Sosialdemokratanes fall

Ein tredje viktig grunn til at Merkels eineståande posisjon er at motparten ikkje heilt har fått det til dei siste tolv åra. Det tyske sosialdemokratiske partiet SPD er verdas eldste, og ifølgje eigne opplysningar også verdas største sosialdemokratiske parti.

Heile etterkrigstida har partiet slite med same dilemma; kor tette skal banda til fagrørsla vere og i kor stor grad skal partiet satse på å vinne den store gruppa av middelklasseveljarar. Under han som var Merkels forgjengar som kanslar, Gerhard Schröder, skjedde det som er den førebels siste fasen i sosialdemokratanes lausriving frå fagrørsla. Schröder var sterkt inspirert av den britiske Labour-politikaren Tony Blair og hans New Labour. Schröders Tyskland var eit land i krise. Det var stagnasjon og ein stadig aukande arbeidsløyse. Schrøders svar heitte Agenda 2010. Det gjekk ut på å kutte skattar, kutte sosiale utgifter og eit mindre regulert arbeidsliv.

Med dette mista sosialdemokratane fotfestet i det som hadde vore ei gruppe av kjerneveljarar. Partiet gjekk ned i ein bølgjedal som dei framleis ikkje har kome ut av. I Merkels Tyskland har sosialdemokratane jamt vore rundt 10 prosent mindre enn  kristendemokratane. . Sosialdemokratane har også eit samarbeidsproblem. Tidlegare har partiet samarbeidd både med Die Grünen og med fridemokratane i FDP om regjeringsmakt. Men partiet har avvist samarbeid  med partiet Die Linke på riksplan. Die Linke er SVs søsterparti. Partiet er også ei vidareføring av DDRs eineveldige parti SED, mange ser dei difor som politisk uakseptable. Og utan Die Linke har det ikkje vore mogleg for sosialdemokratane å stable på beina eit fleirtal dei siste tolv åra. I dei siste to valperiodane harSosialdemokratane vore juniorpartnar i Angela Merkels regjering. Det har gjort det vanskeleg for SPD å føre ein overtydande  valkamp med CDU som hovudmotstandar.

Tre små nederlag

Schulz kom inn i den tyske valkampen med eit brak i vår. Sidan har Sosialdemokratane snubla i tre delstatsval etter kvarandre. Det byrja med ein svak tilbakegang ved delstatsvalet i den vesle delstaten Saarland, på grensa til Frankrike. Så gjekk partiet tilbake ved delstatsvalet i Schleswig-Holstein. Deretter gjekk dei på eit skikkeleg nederlag i Tysklands mest folkerike delstat Nordrhein-Westfalen. Partiet tapte makta i delstaten til CDU. Etter desse tre nederlaga er det ikkje særleg mange som trur at Martin Schulz vil stå att som ein vinnar når Tyskland går til val 24. september. Schulz prøvde å profilere seg med klassisk sosialdemokratisk politikk, han lova endringar i arbeidslivet. Han sa han skulle reversere fleire sider av  Schröders Agenda 2010. Men det har han ikkje klart å vinne så mykje på.

Alternativet lengst til høgre

Det er ikkje så mange som er spente på kva som kjem til å vere namnet på kanslaren etter valet. Men det er mange som er spent på kor mange som vil gi sin stemme til det høgrepopulistiske og framandfiendtlege partiet Alternative für Deutschland (AfD). Partiet har gjort det skarpt på meiningsmålingar og i delstatsval heilt sidan den dagen då Merkel erklærte ”Wir schaffen das” om flyktningkrisa i Europa.

Det blir inga høgrepopulistisk maktovertaking. Men partiet vil etter alt å dømme får ein betydeleg fraksjon i forbundsdagen. Partiet har alt klart å påverke måten diskusjonen om asylpolitikken blir ført på. Med AfD i Forbundsdagen blir det tyske partilandskapet endra. Sidan 1949 har Merkels parti CDU, og det bayerske søsterpartiet CSU vore partia som har representert det ytste høgre i den tyske nasjonalforsamlinga.

AfD er eit nokså brokete parti. Partiet ser ut til å vere ridd av kronisk intern strid. Eit evig tema er nøyaktig kor grensa for tilspissa  framandfiendtlege utsegner går. Partiets talskvinne Frauke Petry føreslo at tyske politimenn skulle skyte på flyktningar som prøvde å ta seg over grensa. Det har blitt ståande som ei utsegn som er innanfor grensa av det akseptable for AfD.

Partiet er eit protestparti. Protesten handlar berre delvis om Merkels-velkommen-flyktningar politikk. Det er også ein protest mot Merkels Tyskland. Dei områda der partiet står sterkast, er dei områda som trass i ein lang periode med eineståande vekst, slit med høg arbeidsløyse, dårlege framtidsutsikter og eit høgt tal på arbeidande fattige. AfD har mobilisert veljarar frå alle parti, mange har kome frå Merkels parti CDU. Svært mange er politisk heimlause, slike som ikkje tidlegare har møtt opp for å stemme. Dei neste fire åra vil Merkel måtte finne eit anna svar til veljarane som går til AfD enn at vi klarar det.

Om forfatteren

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er utdanna historikar og arbeider som journalist i Nationen. Tidlegare har ho jobba i Klassekampen, Morgenbladet og Dagbladet. Dypvik gav ut boka "Det var DDR - forteljingar om eit nedlagt land" i 2012. I år kom boka "Berlinhistorier - kald krig i den delte byen. Begge bøkene er gitt ut på Det norske Samlaget.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *