Om forfatteren

Astrid Sverresdotter Dypvik

(f. 1977) er utdanna historikar og arbeider som journalist i Nationen. Tidlegare har ho jobba i Klassekampen, Morgenbladet og Dagbladet. Dypvik gav ut boka «Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land» i 2012. I år kom boka «Berlinhistorier – kald krig i den delte byen. Begge bøkene er gitt ut på Det norske Samlaget.

Val i Merkel-landet

Postet i samfunnsfag av Astrid Sverresdotter Dypvik 17. august 2017

Etter tolv år ved makta verkar ikkje Angela Merkel nemneverdig plaga av regjeringsslitasje. Her er tre grunnar til at ho har lukkast, og ein grunn til at ho ikkje kan slappe av.

19. mars i år skjedde det noko som fekk alle dei mest brennande politiske hjarta i Tyskland til å banke litt ekstra fort. Det var ikkje alle som var så glade for det som skjedde, men alle forstod at det var noko som kunne få store følgjer. På denne dagen valde det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD, sin kansl