Fagsnakk fra Cappelen Damm

Det å lære eit nytt språk er ei kompleks prosess som har både kognitive, sosiale og emosjonelle sider og som skjer både i enkeltindividet og mellom menneske i mange og ulike kontekstar og situasjonar. (Foto: Gettyimages/STEEX)

Kvifor treng vi kunnskap om andrespråkslæring?

Rett før jul kom vi ut med ei bok, Norsk som andrespråk – perspektiver på læring og utvikling, der vi i lag med 22 kollegaer skriv om ulike aspekt ved det å lære eit nytt språk i ein ny kultur. Kvifor var det så viktig å skrive ei slik bok?

Ein antar at meir enn halve befolkninga i verda er fleirspråklege i den forstand at dei kommuniserer på meir enn eitt språk i det daglege. Migrasjonen i verda har aldri vore større enn no. Dialektriket Noreg har derfor dei siste åra fått eit større og anna språkleg mangfald enn tradisjonelt, sidan det kjem folk til landet vårt i ulike aldrar med andre morsmål enn norsk.

Det er stor semje om at alle som bur i Noreg må meistre norsk så godt at dei kan få utbyte av skulegang, skaffe seg jobb og meir generelt ta del i samfunnet. Skal dette vere mogleg, trengs det kompetente lærarar som kan støtte andrespråkslæringa til barn, ungdomar og vaksne, altså læringa av eit nytt språk etter at eit eller fleire språk allereie er etablerte. For å lukkast må lærarane bygge sine didaktiske praksisar på forskingsbasert kunnskap om korleis andrespråk blir lærte og utviklar seg. Her kan vi forskarar vere til hjelp.

Ein viktig del av andrespråksforskinga er å beskrive utviklinga innanfor enkelte områder i språket. Korleis blir ordforrådet utvikla? Kva for utfordringar stiller den norske fonologien andrespråksinnlærarane overfor? Kva veit me om korleis grammatikken veks fram? Det å lære eit nytt språk er dessutan ei kompleks prosess som har både kognitive, sosiale og emosjonelle sider og som skjer både i enkeltindividet og mellom menneske i mange og ulike kontekstar og situasjonar. Det betyr at vi forskarar må støtte oss på fleire ulike perspektiv og forklaringsmåtar. Nokre teoriar er mest opptekne av dei kognitive prosessane som skjer i enkeltindividet, medan andre i større grad er opptekne av kva dei sosiale og kulturelle faktorane rundt individet betyr for læringa.

Og kva skal læraren gjere med denne kunnskapen?

Læraren sin kunnskap om andrespråkslæring er avgjerande for kvaliteten på aktivitetane i klasserommet. Det er ikkje tilstrekkeleg å kunne norsk for å lære bort norsk til elevar med eit anna morsmål. For at læraren skal kunne forstå, støtte og vurdere språkutviklinga til elevane, treng han eller ho kunnskap om både språklege og didaktiske sider ved det å lære eit andrespråk. Ein treng også kunnskap om korleis personlege faktorar som kva for morsmål eleven har, kor gamal han eller ho er, og om korleis forhold knytt til motivasjon og identitet samhandlar med språkutviklinga. Ved å samle ny forskingsbasert kunnskap om dette på norsk mellom to permar, håpar vi å gi studentar, lærarar og andre interesserte eit breitt kunnskapsgrunnlag for å forstå dei mange prosessane i andrespråkslæring og kome behova til barn unge og vaksne som lærer seg norsk som andrespråk i møte.

 

Forfatterne av de ulike kapitlene er alle eksperter på forskjellige områder av andrespråksfeltet, og boka dekker et bredt spekter av temaer i faget norsk som andrespråk.
Portrett, Ann-Kristin Helland Gujord

Ann-Kristin H. Gujord

Førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen. Hun underviser i studiefaget norsk som andrespråk på campus og på fjernstudiet Prisme. Gujord forskar på korleis både barn og vaksne tileignar seg norsk som andrespråk.

Gunhild Tveit Randen

Førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Innlandet. Forskningsinteressene hennes er blant annet testing og kartlegging av språk, andrespråksutvikling, begynneropplæring og språklig bevissthet.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk